LAKSELUS: Metoden til Havforskingsinstituttet gir svært treffsikre varsel om lakselusspreiing langs kysten, viser ein ny forskingsstudie. Foto: Thomas Bjørkan (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/deed.en)/NIVA. 
LAKSELUS: Metoden til Havforskingsinstituttet gir svært treffsikre varsel om lakselusspreiing langs kysten, viser ein ny forskingsstudie. Foto: Thomas Bjørkan (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/deed.en)/NIVA. 

Sikrare varsel om lusespreiing

No kan havforskarane meir treffsikkert avdekkje område der det er så mykje lakselus at det kan gå ut over villfiskbestandane. Dermed er eitt av dei største kunnskapshòla om overvaking av lakselus tetta.

Hardanger/Sogn: Den nye utrekningsmetoden gav resultat som stemte godt med 89 prosent av feltobservasjonane som vart gjort i Hardangerfjorden i 2015, går det fram av artikkelen «Toward a model-based prediction system for salmon lice infestation pressure», som er publisert i tidsskriftet Aquaculture Environment Interactions.

– Resultata viser at det er godt samsvar mellom den observerte og den utrekna mengda lakselus i Hardangerfjorden. Med modellen klarte vi å rekne ut kor det var «mykje» eller «lite» lakselus i 89 prosent av tilfella, seier Anne Sandvik ved Havforskingsinstituttet, ein av forskarane bak den nye studien.

Straum og biologi

Metoden kombiner fleire modellar for å rekne ut kor mykje lakselus det er i eit område. Grunnsteinen er ein straummodell som viser korleis vatnet flyttar seg i fjordane og langs kysten. Desse dataa blir så kombinerte med ein spreiingsmodell, som viser tettleiken av lakselus langs kysten.

Det er desse overslaga som no viser seg å stemme svært godt med det forskarane kan påvise gjennom undersøkingar i felten. Dermed blir det òg mogleg å overvake lakselusa utan å måtte ta prøver langs heile kysten.

Meteorologi

Havforskarane har òg lånt metodar som meteorologane bruker for å vurdere kvaliteten på nedbørsvarsel, forklarer Sandvik.

– Ser ein på satellittbilete som til dømes viser algebløming, er det tydeleg at plankton og andre organismar som driv med straumen, slik som lakselusa, fordelar seg flekkvis og kan variere mykje over korte avstandar på same måte som ein kan sjå nedbør variere ved hjelp av ein radar på yr.no, seier Sandvik.

Havforskingsinstituttet skal bruke metoden for å gjere varslingstenesta for lusespreiing, som dei lanserte i sommar, sikrare. Forskarane held dessutan fram med å ta feltprøver i Hardangerfjorden og andre stader langs kysten. (©NPK)

Til toppen