SIKRINGSARBEIDET: Arbeidet med å sikre fjellskjeringa over ferjekaia på Fodnes har gått som planlagt og er ferdig til jul. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Sikringsarbeidet er ferdig til jul​

Arbeidet med å reinske stein og sikre fjellskjeringa over Fodnes ferjekai har gått som planlagt, og er no ferdig.

Fodnes: – Arbeidet har gått fint, og det har vore lite problem med trafikk og ferjer. Me vil likevel rette ei takk til alle reisande som har vore tolmodige medan arbeidet har pågått, seier byggeleiar Svein Jarle Slinde.

Sett vekk i frå ei lita veke i oktober der kaia var heilt avstengt på grunn av reinsking av stein i fjellsida, har ferjene gått som normalt. 

På grunn av arbeidet har det vore endra køyremønster, og delar av kaia har vore stengt av.

I tillegg til fjellreinsk og sikring både i fjellside og skjering, er det sett opp rasfanggjerde over heile kaiområdet. I skjeringa er det sett inn boltar, isnett og steingsprangnett for å holde fjellet på plass, og hindre at det kjem ned stein og is.

Det er Norsk bergsikring AS som har utført arbeidet for Vegvesenet.

Til toppen