Bergen: Lagmannsretten bestemte at mannen ikkje skal bli varetektsfengsla, skriv NRK, som først melde om saka.
I avgjerda står det at Lagmannsretten fann at den sikta ikkje med skjellig grunn kan mistenkast for å vera skuldig etter siktinga for brot på straffelova paragraf 257, som refererer til menneskehandel.
Bergen tingrett ville heller ikkje varetektsfengsla mannen, og politiet anka saka til lagmannsretten.
Politiadvokat Bernt Dahlsveen ved Akrimsenteret i Bergen opplyste tysdag at mannen har drive eit bemanningsbyrå som har formidla sesongarbeidarar til norske bønder.
– Politiet bistod i går på eit tilsyn på ein arbeidsplass i Sogn. Der kom det fram opplysingar som gav mistanke om at ein del plukkarar vart utnytta i arbeidet. Det går mellom anna på løn, arbeidstid og butilhøve, seier han.