GÅR FOR KARMØY: Dagleg leiar ved HMR Hydeq, Anders Seim jr., seier selskapet kjem til å sikte seg inn på Karmøy-piloten i 2016. Å vinne den kontrakten vil bety mykje, fortel han. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
GÅR FOR KARMØY: Dagleg leiar ved HMR Hydeq, Anders Seim jr., seier selskapet kjem til å sikte seg inn på Karmøy-piloten i 2016. Å vinne den kontrakten vil bety mykje, fortel han. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Arkiv)

Siktar seg inn på Karmøy-piloten

– Vårt største mål er å vinna den kontrakten, seier dagleg leiar i HMR Hydeq Anders Seim jr. 

Årdal: For ein månad sidan annonserte Hydro at dei skal byggje pilotanlegget på Karmøy. Dette er eit av dei store prosjekta som blir sett i gong innanfor bransjen til HMR Hydeq i år.

– Me meiner me har mykje kompetanse og teknologisk utstyr innanfor køyretøy som me kan tilby. Vårt største mål er å vinna kontrakten på mobilt utstyr, og så håpar me på andre leveransar utanfor køyretøy. 

– Alle oppdraga er jo i ein krevjande bransje med høg konkurranse. Det viktigaste for oss er å vinna kontraktar fordi det vil bety mykje for vår framtid når det gjeld dei neste par åra, seier Seim jr. 

Lite tilgang på prosjekt

Han fortel at det er viktig å få stadfesta at forskinga og utviklinga dei har drive med over mange år, vert tatt i bruk av ein viktig kunde som Hydro. 

– Det er viktig at me som norsk produsent klarar å konkurrere mot dei store utanlandske selskapa. Me meiner me har det rette produktet for at Hydro skal få ein effektiv og god aluminiumsproduksjon. 

– Det er lite tilgang på andre prosjekt dei neste to-tre åra, samstundes som me har jobba bevisst for å nå og finna optimale løysingar for Hydro.

Artikkelen held fram under biletet.

OMVISNING: Anders Seim jr. synte andre næringslivsaktørar rundt på anlegget som ein del av årsmøtet til Årdal Næringssamskipnad.
OMVISNING: Anders Seim jr. synte andre næringslivsaktørar rundt på anlegget som ein del av årsmøtet til Årdal Næringssamskipnad.

Håpar på fleire kontraktar i Kina

Aluminiumsindustrien er inne ei litt usikker tid, der fleire selskap i Kina har starta eller planlegg å starte opp drift. I andre halvdel av 2016 håpar HMR Hydeq å ferdigstille ein leveranse på eit komplett tappesystem inn mot eit kinesisk selskap. Dette er den første kontrakten deira på den kinesiske marknaden og er levert gjennom Hycast, som er eigd av Hydro.

– Det er noko som ser bra ut så langt. Det skjer ein del ting på investeringssida i Kina, og me håpar dette kan vera eit prosjekt som blir sett av andre liknande smelteverk slik at me får selt inn nye kontraktar og leveransar.

Snuste på olje og gass

HMR Hydeq er velkjende i bransjen, og blir omtalt som eit selskap i verdsklassen når det gjeld tappevogner. Bedrifta i Årdal har 80 tilsette, der 60 av desse er i produksjon. Det er eit selskap som stadig prøver å utvikle seg. I fjor sommar investerte dei mellom anna i eit plasmaskjerebord til 3 millionar kroner som gjer at dei brukar 600 timar mindre i året for det same produksjonsresultatet.

Artikkelen held fram under biletet.

INVESTERING: Dette plasmaskjerebordet til 3 millionar kroner har betydd ein voldsom reduksjon i tal produksjonstimar i året for å oppnå det same nivået.
INVESTERING: Dette plasmaskjerebordet til 3 millionar kroner har betydd ein voldsom reduksjon i tal produksjonstimar i året for å oppnå det same nivået.

Berre eit år tilbake i tid såg selskapet på olje og gass som eit område dei vil satse på, men før dei rakk å verkeleg gjere eit framstøyt, sprakk heile marknaden, noko fleire oljerelaterte verksemder har fått merke.

– Me varsla kommunen og Årdal Utvikling at me såg føre oss å auke bemanninga med 15-20 prosent, og me var såvidt i gong og hadde vore på nokre messer då oljekollapsen kom for fullt. 

– Me stogga umiddelbart fordi me såg at viss me ikkje kom inn før, så var det ikkje vits. Då vart det lagt vekk i fjor sommar, forklarar han.

Større produksjon enn etterspurnad

Ikkje berre ville dette ha betydd fleire arbeidsplassar i Årdal, men for selskapet ville det også gitt ein fot til å lene seg på dersom dei andre marknadane skulle slite slik aluminiumsindustrien gjorde frå 2009 og utover. 

Og det er nettopp ei litt usikker tid i vente for aluminiumsindustrien. Hydro sine eigne spådommar for 2016 er forsiktige, og Seim jr. deler synet.

– Slik marknaden og utfordringane vil vera dei neste par åra, er det høgst usikkert. Det er ikkje usannsynleg med eit overskot i produksjon i forhold til etterspurnad, der eg gjettar og trur at ein auka etterspurnad og prisvekst vil koma i 2018. 

– Når aluminiumsproduksjonen er lønsam, kjem investeringslysta tilbake, som igjen gjer at me kan selja inn vårt produkt. Me er avhengig av at den bransjen går godt, samstundes som me har fokus på å forlenge levetida på vårt utstyr og finne gode betringsprosjekt som gir lønsame investeringar med kort nedbetalingstid. 

Til toppen