SPOR FRÅ BRONSEALDEREN: Silje Foyn var ein av arkeologane i Vestland fylkeskommune som deltok i dei nye undersøkingane på Modvo. Dei fann då spor av jordbruksaktivitet i området heilt tilbake til bronsealderen, så tidleg som rundt 1800 f. Kr.
SPOR FRÅ BRONSEALDEREN: Silje Foyn var ein av arkeologane i Vestland fylkeskommune som deltok i dei nye undersøkingane på Modvo. Dei fann då spor av jordbruksaktivitet i området heilt tilbake til bronsealderen, så tidleg som rundt 1800 f. Kr. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Silje har funne spor tilbake til bronsealderen i Luster

Arkeologane har funne spor 2000 år lenger tilbake i tid enn tidlegare kjent på jernaldertunet på Modvo i Luster kommune.

Hafslo: Jernaldergarden ligg ved Sogn skisenter på Hafslo. Her har vi spor etter eit langhus og to gravhaugar frå eldre jarnalder, om lag 300/350–500 e. Kr. No har arkeologane til Vestland fylkeskommune funne jordbruksspor der som går tilbake til overgangen mellom yngre steinalder og eldre bronsealder, ca. 1881–1692 f. Kr.

Det kjem fram i ei pressemelding.

– Dei nye funna og dateringane er spennande fordi dei trekkjer busetjinga på Modvo om lag 2000 år lenger tilbake i tid enn kva vi tidlegare har hatt kjennskap til. Modvo er ikkje lenger berre eit jernaldertun, men eit døme på svært tidleg jordbruksbusetjing som syner lang tidskontinuitet, seier arkeolog Silje Foyn.

Åtte dyrkingslag

Det var i samband med graving av ei kabelgrøft i vegen over jernaldergarden at Foyn og kollegaene hennar gjorde nye undersøkingar – og nye funn – på Modvo.  I den smale grøfta er det gjort funn av spor etter omfattande førhistorisk dyrking.

UNDERSØKTE GRØFT: Dei nye undersøkingane vart gjort i ei kabelgrøft i vegen over den kjende jernaldergarden ved Sogn skisenter. Foto: privat

– Dei førhistoriske dyrkingslaga, heile åtte i talet, kan sjåast i jordprofilen som ulike lag. Det varierer kor tjukke dei er, kva farge dei har, og kva masse som er i laga. Lagskilla kan spegle brot og kontinuitet i jordbruket eller endringar i driftsmetode, seier Foyn.

Botnlaget er ofte rikt på trekol og representerer den opphavlege avsviinga og ryddinga av skog og kratt til beite eller dyrkingsjord. Det er i dette laget arkeologane gjerne får dei eldste dateringane.

Jordbruk sidan bronsealderen

ÅTTE LAG: Arkeologane identifiserte åtte ulike dyrkingslag i grøfta. Dei syner som ulike lag i jordprofilen, og fortel oss noko om korleis ein har drive dyrking til ulike tider. Foto: privat

At det eldste jordlaget på Modvo er datert til overgangen mellom yngre steinalder og eldre bronsealder, betyr at det var på denne tida området vart rydda og nytta til jordbruksareal for første gong. Åkrane har ikkje nødvendigvis vore i kontinuerleg drift frå då av, men det kan ha vore eit vekselbruk mellom beite og åker.

– Jernaldergarden på Modvo ligg i ein sørvendt, sjølvdrenerande morenebakke. Slike område var viktige i det tidlege jordbruket sidan dei hadde gode føresetningar for å etablere og drive jordbruk, seier Foyn.

Arkeologane fann også eit stolpehol datert til yngre bronsealder, ca. 980–830 f. Kr i dei siste undersøkingane i området. Stolpeholet kan tyde på at det har vore reist eit langhus eller ein anna bygning på staden, men det er vanskeleg å seie noko sikkert ut frå det eine funnet.

Til toppen