Kaupanger: Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap har kontrakt med RenoNorden, som måndag kveld slo seg sjølv konkurs.
Alle kommunar utanom Årdal vert råka av situasjonen. No jobbar Simas med å avklara korleis søppelhentinga skal praktiserast, seier direktør Hallvard Thomassen.
– Me prøver å få avklart kva som skjer med kontrakten vår. Buet skal bruka dagane på å finna ut om det skal gå inn i kontrakten, noko eg ikkje trur er aktuelt, eller så kan kontrakten seljast til kven som helst. Simas ønskjer å gå inn i kontrakten og ta over, seier Thomassen.
Ni dagars frist
Bustyraren har fått ni dagar på seg til å finna løysingar for kommunane som har hatt avtale med renovasjonsselskapet.
– DNB og Danske Bank finansierer drifta fram til 28. september. Det garanterer dei for. Me skal bruke tida til å finne nye og gode løysingar utan at kundane blir lidande, seier bustyrar Tom Hugo Ottesen i advokatfirmaet Kvale til E24 tysdag kveld.
Så lenge buet sitt på kontrakten får ikkje Simas forhandla om å ta over bilane og dei tilsette.
God kontrakt
At RenoNorden har hatt økonomiske utfordringar, er noko som har vore kjend sidan i vår, fortalte styreleiar i Simas, Jøril Hovland, til Porten.no tysdag. Sidan 6. september har selskapet jobba med å kvitte seg med ulønsame kontraktar – utan å lykkast.
– Kvifor har ikkje Simas inngått ein backup-avtale med andre?
– Dei fleste som hadde dårlege kontraktar med RenoNorden har kome seg ut og laga nye løysingar. I vårt tilfelle var kontrakten så god for selskapet at det valde å halde på han, forklarar Thomassen.
Det vert også spekulert i om dette kan føre til at avgiftene går opp i dei kommunane RenoNorden har hatt rimelege kontraktar. Thomassen fortel at dersom det kjem inn eit nytt selskap og tek over den eksisterande kontrakten, så vil det ikkje føre til auke i prisane.