Sogndal: I tillegg har selskapet bytta visjon og tilsett Erik Stavø som dagleg leiar. Det vart vedteke på styremøtet i haust, går det fram av ei pressemelding.
Endringa kjem av at Simas Næring, no Sirkla Ressurs AS, ønskte å ha større fokus på kjerneverksemda innan næringslivet, containerutleige og transport av avfall, samt å skilja seg meir frå moderselskapet Simas IKS, som står for all renovasjon frå privat hushald.
– Me ønskjer å sjå meir på kva ressursar alt avfallet frå næringslivet kan gje oss. For oss i bransjen er sirkulær økonomi eit kjent omgrep. Det handlar om å halda ressursane i økonomien lengst mogleg, seier Stavø i pressemeldinga.
Han fortel at dette vert gjort ved å redusera råvarebruk, avfall og utslepp, tenke gjenbruk og halde energiforbruket til eit minimum.
Vil styrka seg i Sogn
Næringsselskapet vart operativt frå januar 2015, som eit dotterselskap av Simas IKS, då leia av Hallvard Thomassen. Med dagleg leiar Erik Stavø og fleire tilsette på plass, har dei ambisjonar om å styrka sin posisjon i regionen.
– Me ønskjer å ha ein meir rådgjevande rolle i bedriftene rundt oss. Me ønskjer å gjera dei endå flinkare på sortering og gjenvinning, ved å rettleie og vise korleis. Det er så mange miljøgevinstar å henta på å gjera næringa betre, seier Stavø.
Selskapet har òg fått eit nytt slagord, Gla’ i avfall.
– Det er mykje positivitet i det, og det ønskjer me å få fram, seier Stavø.