SIMAS: f.v.: Per Johan Hove, operatør, Emil Bøen, operatør, og Gunnar Barsens Omarheim, arbeidsformann.
SIMAS: f.v.: Per Johan Hove, operatør, Emil Bøen, operatør, og Gunnar Barsens Omarheim, arbeidsformann. (Foto: SIMAS)

SIMAS opnar jordtorg

No kan du henta matavfallet ditt som kompostjord, skriv SIMAS i ei pressemelding.

Sogn: Det du kastar i den våtorganiske dunken, blir til næringsrik kompostjord i Festingdalen. No kan du få det heim i eigen hage.

– Me har jobba lenge med å få på plass kompostjord av høg kvalitet. Etter mykje testing har me fått til eit godt produkt, seier Dagny Karin Ugulsvik Alvik, HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS.

I fyste omgang finn ein kompostjorda på SIMAS sitt jordtorg i Festingdalen. Det vil òg vere mogleg å få hjå Einar Dalaker på Kaupanger og Øren i Høyanger. Etter kvart vil dette vere mogleg på alle miljøstasjonane.

Frå matavfall til kompost

SIMAS tek alt det våtorganiske avfallet gjennom ein godkjent komposteringsprosess.
Matavfallet vert blanda med hageparkavfall og lagt i store rankar. I komposteringsprosessen vert det utvikla store mengder varme, slik at alt av bakteriar, frø og liknande, døyr.

Etter kompostering, ligg komposten på ettermodning i om lag eit år, og så er den klar til bruk. Prøvar viser eit godt næringsinnhald og ingen forureining. Komposten blir registrert hjå Mattilsynet og stettar krava til Gjødselvareforskrifta, skriv SIMAS i pressemeldinga. 

KOMPOST: Etter kompostering, ligg komposten på ettermodning i om lag eit år, og så er den klar til bruk. Foto: SIMAS

Få ein frodigare hage

Kompostjorda er eit miljøvenleg, billig og effektivt verktøy for å få ein frodig hage. Den er rik på karbon, mikroorganismar og næring.

Kompostjord er difor som gjødsel. Kjøper du ublanda, er det lurt å blande komposten med vanleg jord. Vel du å kjøpe kompostmiksen, kan du nytte den som plantejord som den er.

– Komposteringsprosessen vil ta knekken på det meste av ugrasfrø og snigleegg. Komposten vil difor normalt vere fri for ugras og brunsniglar, seier Ugulsvik Alvik.

Dei siste åra har SIMAS delteke i forskingsprosjekt saman med Njøs Næringsutvikling AS - frukt- og bærsenter på Leikanger, og andre nasjonale og internasjonale forskarmiljø med spisskompetanse innan kompostering, mikrobiologi og jordfruktbarheit.

– Dei har vore medverkande til at med har fått til ein næringsrik kvalitetskompost av mat-, hage- og parkavfall.

SIMAS har to typar kompostjord:

  1. Rein kompost som egnar seg som jordforbetring i eksisterande beplantning. Rein
    kompost er ikkje berekna til direkte bruk som vekstmedium. Den bør difor blandast
    ut med sand eller næringsfattig jord.
  2. Kompostmix er utblanda med sand/grus. Denne egner seg mellom anna godt til
    plenblanding. Fri for store steinar og god drenering.
Til toppen