NULL PLAST: Tøybleier er laga av mijløvennlege material og kan brukast oppatt. Foto: Brittany/Flickr, https://bit.ly/2P3C9OV.
NULL PLAST: Tøybleier er laga av mijløvennlege material og kan brukast oppatt. Foto: Brittany/Flickr, https://bit.ly/2P3C9OV. (Foto: Kissaluvs)

Foreldre som kjøper tøybleier blir frista med tusenlapp

Kampen mot mikroplast har nettopp blitt skiten. Og illeluktande.

Sogndal: For no lover nemleg renovasjonsselskapet i Sogn inntil tusen kroner i tilskot, maks halvparten av kjøpesummen, til dei som vågar å ta spranget over til tøybleier.

– Dette er meint som ein motivasjon for få fleire til å prøva dei ut, seier Hallvard Thomassen, direktør i Simas, i ei pressemelding.

Eingongsbleier er delvis laga av plast, og om dei blir kasta i matavfallet er det stor fare for at dei endar som mikroplast i naturen.

Alt miljømedvitne foreldre treng å gjera er å senda inn ein søknad, i tillegg til at dei må dokumentera innkjøpet. Forøvrig presiserer Simas at brukte bleier ikkje er omfatta av tilskotsordninga.

 – Etter at me fjerna tilbodet om å kaste bleier i våtorganisk, ønskte me å sjå på ei løysing til småbarnsforeldre som òg er bra for miljøet. Me ser at fleire kommunar gjev tilskot til dei som nyttar tøybleier og har bestemt oss for å tilby det same, seier Thomassen.

Til toppen