HER ELLER DER?: Av eit brev frå Simas Næring går det fram at det kan bli aktuelt å ha tømmerhandteringa for pelletsproduksjon på eit kaiområde noko som gjer at meir areal krevst – politikarane i formannskapet gjekk inn for å sjå grundigare på både Erdal og Bermålsviki sett i lys av dei nye opplysningane. Arkivfoto/kollasj: Ole Ramshus Sælthun/privat 

Simas vurderer tømmerhandtering på kaiområde – vil krevja meir plass

Grunneigar på aktuelt kaiområde er opprørt.

Lærdal: – Eg blir innemura. Ikkje kan eg gå mot Luggenes, for der vil det koma eit svært kaianlegg om det blir slik som førespegla her. Og andre vegen er det berre eit berg uti fjorden, seier Anne Helene Bergmål.

Grunneigarar som blir råka av ei eventuell kaietablering i Bermålsviki møtte mannssterke opp i formannskapsmøtet måndag.

Artikkelen held fram under biletet

MANNSSTERKE: Grunneigarar og hytteeigarar i Bermålsviki pluss grunneigarar på eller nær Håbakken var til stades under formannskapsmøtet måndag.
MANNSSTERKE: Grunneigarar og hytteeigarar i Bermålsviki pluss grunneigarar på eller nær Håbakken var til stades under formannskapsmøtet måndag.

Formannskapet gjekk altså inn for å bruka meir tid på å utgreia vidare kor vidt Erdal eller Bermålsviki er best eigna for tømmerkai eller hamn. Saka skal også opp i kommunestyret komande torsdag.

Les også: Vil bruka tid på å finna ut om Erdal eller Bermålsviki er best eigna til kai

Noko av grunngjevinga for at politikarane ønskjer meir tid, er opplysningar som kom fram i eit brev sendt til kommunen frå Simas sist fredag. I brevet står mellom anna følgjande:

«Etter folkemøte i Lærdal 22.03.17 vil EcoInowaste vurdere om tømmerhandteringa (barking og oppflising) kan flyttast til kaiområde. Dette vil redusere eventuell støy i Håbakken-området i samband med tømmertransport og lossing/handtering av tømmeret.»

– Vil krevja meir areal

Lenger nede i brevet står det i det vidare:

«Ei slik ordning vil igjen kreve meir areal i samband med kaien. Plass for lager til ca 10.000 m3 pellets, og 8-10 da. bakareal til flishandtering med lager/opplastingssone er naudsynleg. Kaiområdet må vere stort nok til å kunne ta inn ca 2- 3 000 m3 tømmer på kaifronten.

Vidare er Simas Næring/Ecoinowaste i løpande kontakt med Voll-Lunde Maskin om bruk av kai i Lærdal. Dei har bruk for kaiareal til utskiping av stein/singel, og dette krev tilgang til kaifront og baklager.

Vi ber om at desse vurderingane vert tekne med i saka vidare.»

Brevet er underteikna dagleg leiar i Simas Næring og EcoInowaste, Hallvard Thomassen.

Les også: – De har pynta brura fint

FORTVILA: Anne Helene Bergmål. Arkivfoto
FORTVILA: Anne Helene Bergmål. Arkivfoto

– Bermålsviki er for lite til noko slikt. Og vegen opp der er bratt, seier Bergmål.

Bergmål føler situasjonen fortvila.

– Eg må berre få takst på eigedommen med ei gong, for den vil bli svært redusert i verdi. Dei seier eg får erstatning, men dette handlar ikkje først og fremst om pengar. Det handlar om at Lærdal kommune må tenkja på det einaste strandområdet ein har i kommunen.

Til toppen