Årdal: – Eg ynskjer meg eit levande reinsdyr, sa Simon Mehus til nissen då den raudkledde kom på besøk til Klingenberg hotell på julebordet til Tysdagsklubben.
Simon tykte det var spanande då nissen kom og han syntest nissen var snill. Han sat nærast då gåvene kom fram frå sekken. Det var før ferdamannen frå Nordpolen hadde funne gåvene fram at Simon la fram ønsket sitt.
– Eg har berre eitt reinsdyr no og eg treng det skal eg koma meg vidare, sa nissen med venleg røyst.

Ikkje lenge etterpå miste han somme av presangane ut av sekken og på golvet, og Simon lo godt.
So var det gåveutdeling og nissen fekk hjelp av ein assistent til å lesa kven alle gåvene var til. Det varte og rakk før det var Simon sin tur. Då det kom so langt, greip han sjansen til å prata litt meir med nissen:
– Kan du helsa Rudolf frå meg?, spurde han, og la til: – Han er raud på nasen.
Presangen var ein liten nisse
Simon fekk ein julenisse inne i ei glaskule, som det snør over om ein ristar på kula. Venen hans Jan Erik fekk ein snømann.
– Eg skal ha nissen på rommet mitt på hylla, fortel Simon og beit seg merke i at nissen i kula ikkje hadde nokon sekk på ryggen.
Det var eit sjokoladehjarte utanpå papiret.
– Eg må eta det før det smeltar, sa han til mor si.

Energisk stemning på konserten
Etter ein god middag dansa og mora klubbdeltakarane seg. Ketil Thorbjørnsen spela gamle landeplager av liv og lyst.
Det var i spelepausen nissen kom innom, slik det hadde gått gjetord om. Det var ein jovial og morosam nisse som steig inn i festsalen på Klingenberg hotell.
Simon Mehus gledar seg alt til å møta nissen på julaftan, og synest julaftan er den aller gøyaste dagen i året. Og han skulle ynskje at nissen kunne koma med reinsdyr på himmelen.