MOGLEG NYTT TILFELLE: Prøver frå simla som vart skoten i Nordfjella i helga blir no undersøkt for skrantesjuke ved Veterinærinstituttet. Svaret er venta i løpet av dagen. Foto: arkiv.
MOGLEG NYTT TILFELLE: Prøver frå simla som vart skoten i Nordfjella i helga blir no undersøkt for skrantesjuke ved Veterinærinstituttet. Svaret er venta i løpet av dagen. Foto: arkiv. (Foto: Arkiv)

Simla hadde ikkje skrantesjuke

Eit avmagra reinsdyr, som søndag vart skote i Nordfjella, blei undersøkt for skrantesjuke, men testane var negative.

Lærdal: Det sjuke dyret vart oppdaga fredag i samband med patruljering av riksveg 52, noko som blir gjort for å hindre at villreinen sør for vegen blandar seg med tamreinflokken i nord.

To bukkar hadde blitt skotne då villreinflokken stakk til fjells. Simla greidde ikkje halde følgje, men vêret var så dårleg at jakta ikkje kunne halde fram før søndag.

Les også: Skal ta ut bukk som nærmar seg rv. 52
Les også: Ministeren meiner gjerdet er viktig å få på plass

Då vart den sjuke simla derimot raskt spora opp og skoten. Ho var så avmagra at du kunne telje ribbeina gjennom pelsen, fortel dei som var med på jakta til NRK.

– Det er berre å få testa det, for det er einaste måten å finna dette ut på. Me veit jo ikkje om det er skrantesjuke. Det er denne tida på denne tida av året at det stryk med dyr, sa Lars Nesse, leiar i villreinnemnda og CWD-koordinator til Porten.no medan Veterinærinstituttet testa dyret.

Onsdag ettermiddag stadfester Nesse overfor Porten.no at simla testa negativt for skrantesjuke, altså hadde simla ikkje den frykta sjukdommen.

Til toppen