Årdal: Den 19 år gamle årdølen satsar på spydkast, og i helga gjorde han sakene sine verkeleg bra då han sette ny personleg rekord med eit kast på 56,98 meter.
Det heldt til ein 3. plass i junior-NM.
– Det var veldig kjekt og litt uventa, seier Lidal, som har trent målretta kvar dag for å oppnå eit slikt resultat.
– Eg er nøgd med innsatsen, og det var deilig å få lengde på kasta, legg han til.
Vil klare seniorkravet
19-åringen har drive med spydkast sidan han var 12 år gamal. For to år sidan klarte han kravet til å delta i junior-NM. I fjor blei det ein 5. plass med eit kast på 52,13 meter. Då var det ny personleg rekord.
No er han berre ein liten meter i frå å klare seniorkravet på 58,00 meter. Kravet må han ta i ein godkjend konkurranse der forholda er som reglementet seier.
– Dette var diverre berre ein liten meter bak, men det skal eg klara å ta neste år, seier han offensivt.
Flyttar til Halden
Men lenge før det skal han delta på ungdomsmeisterskap i friidrett i Bergen. Etter tre år på idrettslinja på Sandane går turen no til Halden.
– Der finn ein det som truleg er det beste spydkastarmiljøet i Noreg. Målet no er å bli betre og klare seniorkravet, men før det gler meg berre til UM i Bergen, seier han.