KLAR FOR NM: Spydkastar Simon Lidal (17) frå Årdal klarte kravet i helga og er klar for junior-NM på Byrkjelo i august. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLAR FOR NM: Spydkastar Simon Lidal (17) frå Årdal klarte kravet i helga og er klar for junior-NM på Byrkjelo i august. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Simon har kvalifisert seg til junior-NM

– Eg er veldig, veldig, veldig glad.

I helga som var prøvde Simon Lidal (17) seg på kravet for å kvalifisera seg til junior-NM. Det gjekk akkurat. I august reiser han til Byrjelo for å delta for første gong.

– Eg prøvde meg tidlegare i sesongen, men det fungerte ikkje. Og så skulle eg prøva med seniorspyd, og då kasta eg mykje lenger, seier Lidal til Porten.no.

Unormalt

Kravet for å vera med er 46 meter med seniorspyd som veg 800 gram. Det som er så spesielt då Lidal skulle prøve seg var at med spydet han vanlegvis kastar med som veg 700 gram, kasta han 45 meter.

Artikkelen held fram under biletet.

MÅL: Lidal har hatt junior-NM som mål i heile vinter og er naturlegvis godt nøgd med å ha nådd målet.
MÅL: Lidal har hatt junior-NM som mål i heile vinter og er naturlegvis godt nøgd med å ha nådd målet.

Med seniorspydet kasta han ein meter lenger og klarte dermed akkurat kravet.

– Det er ganske uvanleg. Rekorden min er 45 meter, og så kasta eg 46 meter med eit 800 gram tungt spyd. Det er ikkje normalt. Det normale er at ein kastar ti meter lenger med eit spyd som er 100 gram lettare, medan eg kasta ein meter dårlegare, smiler han.

Eit mål i heile vinter

No er han altså klar for junior-NM der han skal konkurrera mot dei beste i landet i sin klasse. Meisterskapen er ikkje før i midten av august, så han har god tid til å førebu seg.

– Det har vore eit mål i heile vinter. Eg er veldig, veldig, veldig glad, seier han om sin eigen prestasjon.

– Eg håpar å koma nærme pallen. Det var eigentleg eit dårleg kast eg gjorde for å klara kravet. Eg klarar å kasta lengre, men eg må få godt treff først.

Idrettslinja på Sandane

17-åringen går til vanleg på idrettslinja på Sandane. Friidrettsmiljøet er ikkje det største i Årdal, og difor er han glad for at han no kan trena ilag med jamngamle.

– Eg byrja å kaste då eg var 12 år, men eg har alltid likt å kaste alt mogleg. Eg byrja først med liten ball, og så gjekk eg over til spyd. Eg merka at eg ikkje var dårleg å kasta, så då ville eg betra den evnen og kasta meir og meir, og så har det berre blir gøyare og gøyare, fortel Lidal og håpar fleire i Årdal vil fatte interesse i sporten.

– Det hadde vore veldig kjekt om me var fleire. Det er berre eg som kastar. Difor flytta eg på hybel på Sandane. Der er det fleire på min alder som eg trenar med. 

Til toppen