TITTELFORSVARAR: Samcro vann herreklassen i år som i fjor under Indre Sogn Sparebank Grendacup. Foto: Ronny Rinde
TITTELFORSVARAR: Samcro vann herreklassen i år som i fjor under Indre Sogn Sparebank Grendacup. Foto: Ronny Rinde

Single Greens og Samcro vann grendacupen

Rekordstor deltaking og proppfulle tribuner under ei vellukka 2016-utgåve av Indre Sogn Sparebank Grendacup.

VINNARAR: Single Greens sigrande utav det på damesida - dei slo fjorårets vinnarar Power Puff Girls i finalen.
VINNARAR: Single Greens sigrande utav det på damesida - dei slo fjorårets vinnarar Power Puff Girls i finalen.

Årdal:  Heile femten lag var påmeldt, derav ti var herrelag og fem damelag. Me hadde veldig mykje folk som kom og såg på, noko som gjorde at ramma for årets grendacup var flott, seier Ronny Rinde i arrangementskomiteen.

5.juledag var det fotballfest i hallen på Årdalstangen då Indre Sogn Sparebank Grendacup gjekk av stabelen. Tribuna var proppfull, heile hallen var fyllt av folk og ute på bana utkjempa laga harde kampar.

Unge jenter vann dameklassen, Samcro forsvarte tittelen på herresida

– Eg tykkjer arrangementet gjekk veldig bra, alltid kjekt å arrangera romjulsturnering når tilbakemeldingane frå publikum og spelarar er så gode. Det var ingen alvorlege skadar, konkurranseinstinkt blanda med godt humør prega kampane, seier Rinde.

MYKJE FOLK: Tribuna var fyllt opp under grendacupen.
MYKJE FOLK: Tribuna var fyllt opp under grendacupen.

I herreklassen vann Samcro beståande av Terje Kvam Øvstestun, Sivert Larsson, Truls Hovland, Kenneth Dvergedal, Kristian Lerum, Brede Stedje Ylvisåker. Dei var også tittelforsvararar

I dameklassen gjekk Single Greens sigrande utav det - dei slo fjorårets vinnarar Power Puff Girls i finalen, som vann i fjor. På Single Greens spelte: Sara Brandsdal, Ingrid Øvstetun, Kjersti Hestetun, Anna Elise Nese, Anna Eldegard, Marte Øygarden. 

Overskot til kreftsjuke born

REKORDMANGE LAG: Femten lag stilte i årets cup - her er Single Greens i ferd med å ta ein overtydande siger.
REKORDMANGE LAG: Femten lag stilte i årets cup - her er Single Greens i ferd med å ta ein overtydande siger.

– Så var det veldig kjekt at asylsøkjarar som har fått opphald og bur i Årdal stilte lag. Dette satte eg pris på, seier Rinde. 

Overskotet frå arrangementet gjekk til eit svært godt føremål, fortel Rinde avslutningsvis: 

– Det vart på nesten fem tusen kroner og går til Synne`s Minnefond - inntektene frå fondet går til kreftsjuke born på Haukeland

Til toppen