Årdal: Billettane var rivne vekk då Byggmakker Andersen inviterte til damenes aften med sjølvaste Sinnasnekker'n som hovudattraksjon.
Over 130 hadde sikra seg ein billett og fekk gode tips frå ulike leverandørar innan måling, tapetsering og golvlegging.
Otto Ronsahm, betre kjend som Sinnasnekker'n frå TV-programmet med det same namnet, avslutta kvelden med å fortelje om sine erfaringar frå programmet, der han hjelper familiar og par som slit med både oppussing og familieforholda.
– Me fekk mellom anna litt kritikk for ein episode der me hadde hengt opp pallar i taket. «Det går ikkje an å vaske», var beskjeden, men altså, kven er det som vaskar taket sitt? spurte han og lot seg sjokkere då godt over halvparten av damene rekte handa i vêret.
– Det er jo heilt crazy!
Artikkelen held fram under biletet.

– Ikkje huset sin feil
Men det var ikkje først og fremst vasking av tak, men gode råd til oppussinga Sinnasnekker'n ville snakke om. Utgangspunktet, som han seier, er at det ikkje er huset sin feil.
– Det er me som bur der. Det gjeld same kva ein driv med. Viss du vil bli noko, må du ha fokus på det. Då blir du betre, og då får du det betre rundt deg også, fortel han til Porten.no.
– Eg er veldig oppteken av at det skal vere gøy og at folk skal gjere det dei har lyst til og, sjølv om det høyrest litt rart ut, ha eit kult liv. Viss du har lyst til ein ting, så berre gjer du det i staden for berre å prate om det.
Nøgd butikkeigar
Dagleg leiar ved Byggmakker Andersen, Kjell Andersen, var nøgd med korleis kvelden gjekk.
Artikkelen held fram under biletet.

– Det gjekk kjempebra. Det er flott at så mange møter opp når ein arrangerer noko. Me fekk høyre litt forskjellig frå Otto til slutt. Han er flink med folk, så difor hadde me han som ein slags ekstra gulrot til slutt, seier han.
Tre råd frå Sinnasnekker'n
Er du midt i oppussinga eller planlegg å starte, kan du jo ta med deg desse tre råda før du set i gang.
– Først og fremst må du ha fokus. Det andre er å gjere ein ting av gongen, og så må du ha kunnskap før du byrjar – å lære deg sjølv korleis du skal gå fram før du byrjar vil gjere ting veldig mykje lettare, seier Robsahm.
– På toppen av det må de vere vener. Er de eit par, så ver audmjuke med kvarandre, de treng ikkje å vite alt. Gjer det til eit fellesprosjekt.