FEKK BEVISET: Sirkla Ressurs på Kaupanger poseserer stolte. Frå venstre: Miljøfyrtårnansvarleg Dagny Ugulsvik og dagleg leiar Erik Stavø i Sirkla Ressurs.
FEKK BEVISET: Sirkla Ressurs på Kaupanger poseserer stolte. Frå venstre: Miljøfyrtårnansvarleg Dagny Ugulsvik og dagleg leiar Erik Stavø i Sirkla Ressurs. (Foto: Pressefoto)

Sirkla Ressurs fekk miljøfyrtårn-status

–I avfallsbransjen er dette særs viktig, seier dagleg leiar.

Kaupanger: Torsdag under kommunestyret i Sogndal torsdag fekk Sirkla Ressurs utdelt plaketten som viser at dei er sertifisert som Miljøfyrtårn.

Sirkla Ressurs held til på industrifeltet på Kaupanger, og er eit dotterselskap av den interkommunale renovatøren SIMAS.

– Det har vore viktig for oss å visa at me er opptekne av miljø. I avfallsbransjen er dette særs viktig, då me må sjå verdien av alt avfallet og tenkja gjenbruk. Å vera eit miljøfyrtårn gjer oss stolte, seier dagleg leiar Erik Stavø i ei pressemelding fredag.

Etterspurd status

Sirkla Ressurs opplyser at dei er ei av få verksemder som driv med vegtransport og gjenvinning i Vestland fylke som har fått denne utmerkinga. Som Miljøfyrtårn kan dei dokumentera at dei lever opp til strenge krav når det gjeld arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.

I pressemeldinga skriv Sirkla Ressurs at fleire av deira kundar og leverandørar spør etter miljøsertifikat.

– Det er flott at mange er oppteken av miljø, og vel avtaler og samarbeidspartnarar deretter. Då er det gledeleg at Sirkla Ressurs har fått bevis på at verksemda er oppteken av dette, står det.

 
Til toppen