ANSVAR: Sirwan Ahmadi har fått ansvar for frukt- og grøntavdelinga på Coop Prix i Lærdal. Han er svært glad for at han fekk jobb så fort, og fortel han trivst godt både med oppgåvene, kollegaene og sjefen. – Gjennom denne jobben blir eg kjent med mykje folk i bygda, seier Sirwan. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ANSVAR: Sirwan Ahmadi har fått ansvar for frukt- og grøntavdelinga på Coop Prix i Lærdal. Han er svært glad for at han fekk jobb så fort, og fortel han trivst godt både med oppgåvene, kollegaene og sjefen. – Gjennom denne jobben blir eg kjent med mykje folk i bygda, seier Sirwan. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Sirwan kom kjapt ut i full jobb

34-åringen frå Iran har fullført introduksjonsprogrammet som den første av flyktningane som kom til Lærdal i 2014. Og berre etter nokre veker er han i full jobb på Coop Prix.

Lærdal: – Eg har jobba her i halvannan månad no. Oppgåvene er varierte, eg er litt i kassa, litt på posten og litt inne i butikken. Så har eg ansvar for frukta og grønsakene; at det er nok varer, eg ryddar i avdelinga og bestiller inn nye varer, seier Sirwan Ahmadi.

Alle flyktningane som kjem til Noreg skal gjennom obligatorisk toårig introduksjonskurs. Sirwan vart ferdig i haust og har også hatt språkpraksis, så han snakkar godt norsk. 

– Språkpraksisen er veldig viktig. Det blir ein referanse, seier han.

– Dialekta her i Sogn er jo noko for seg sjølv - er den ei utfordring for deg?

– Nei, eg skjønar godt folk herifrå. Men folk frå andre deler av landet kan vera meir problematisk - mellom anna var eg i Drammen, og der fekk eg meir problem.   

34-åringen tok språkpraksisen i Lærdal og vaksenopplæringa i Sogndal. Flyktningane som går gjennom desse programma no får ta alt i Lærdal etter at kommunen starta sin eigen vaksenopplæring i august.

– Dei er heldige no som får ta alt her, konstaterer han.

Les også: Her opnar han vaksenopplæringa i Lærdal

Les også: Får 400 000 ekstra for å ha busett mange flyktningar

Takknemleg

Sirwan er sjåfør av yrke og køyrde lastebil og buss heime i Iran. Det fortel han var ganske annleis enn å vera sjåfør i Noreg. 

– Me berre køyrde, køyrde og køyrde - gjerne i femten timar. Einaste gongene me stoppa var for å fylla drivstoff.

Han har også hatt sjåfør som jobb i Noreg - to år i Nettbuss. 

– Eg har vore heldig som hadde ein god sjef i Nettbuss som hjelpte meg å få denne jobben. Og eg er heldig som har ein god sjef her på Coop.

I det heile er han takknemleg for at han, kona og dottera på ni og har fått kome til Lærdal. Etter dei kom er også familien utvida med eitt medlem; ein gut på snart tre år har kome til verda innst i Sognefjorden.

– Han er «ekta lærdøl», seier Turid Stigen Sørensen, fagleiar for flyktningtenesta i NAV i Aurland og Lærdal.

Artikkelen held fram under biletet

ROLLEMODELL: Fagleiar i flyktningtenesta, Turid Stigen Sørensen, fortel Sirwan er ein rollemodell for dei andre flyktningane som etter kvart skal ut på arbeidsmarknaden.
ROLLEMODELL: Fagleiar i flyktningtenesta, Turid Stigen Sørensen, fortel Sirwan er ein rollemodell for dei andre flyktningane som etter kvart skal ut på arbeidsmarknaden.

– Hadde ikkje noko liv

Dei er kurderar og flykta først til Irak, før dei tok seg vidare til Noreg og Lærdal.

– Me hadde ikkje noko liv. Det var farleg og berre stress. 

Men i Lærdal er det roleg og trygt. Og med fullført introduksjonsprogram, språkkurs og etter kvart jobberfaring har Sirwan ein god del å spela på.

– Det handlar om å byggja si eiga fortid, seier han.

– Ein god rollemodell

Stigen Sørensen i flyktningstenesta fortel den blide kurdaren er eit godt førebilete for dei andre flyktningane som no byrjar å bli ferdige med programma frå det offentlege si side og skal vidare ut i samfunnet på eigne bein:

– Me kan ikkje rekna med at det skal gå så fort og greitt for alle, men Sirwan er ein god rollemodell. Han oppsøkte arbeidsplassar, tok initiativ og sat ikkje berre å venta på at noko skulle koma til han. Det ønskjer me at andre skal sjå. Og samstundes er det viktig for oss å ha dialog med potensielle arbeidstakarar så me kan hjelpa flyktningar ut i arbeid.

Per i dag er alle vaksne flyktningane i Lærdal kommune i aktivitet, anten ved å vera i introduksjonsprogrammet, utdanning eller ordinært arbeid.

Jobben er i boks for Sirwan sitt vedkomande. Og målet for framtida er klar:

– Me vil skaffa oss hus. Og vidare skapa eit godt liv for borna her i Lærdal.

Til toppen