Sogndal: I fjor haust byrja ho å tenkje at det var på tide å finne ein annan jobb. Allereie då var det tydeleg kor det bar. Det gjekk mot høgskulefusjon, med ein samskipnadsfusjon som ein naturleg følgje.
Og akkurat slik vart det.
– Det er noko eg har tenkt på det siste året. Så det kjem ikkje som noko bombe for å seie det slik. Eg visste at stillinga mi kom til å bli utsett, seier Sjøholt.
Les også: Ny felles samskipnad: – Liten sjanse for innverknad
Ho fekk tilbodet om å gå inn i ei anna stilling i den nye organisasjonen. Men det var ho ikkje interessert i. No har ho takka ja til å bli dagleg leiar for Bedriftshelse1.
– Eg ønska å ha ein toppleiarjobb, dermed passa det veldig godt. Men eg har hatt ei fantastisk tid i Studentsamskipnaden, det har vore kjempekjekt, seier ho.
Først skal ho leie Studensamskipnaden i Sogn og Fjordane til den sluttar å eksistere ved årsskiftet.
– Det er litt vemodig, det må eg berre seie, seier Sjøholt.