Oslo: På ei pressekonferanse klokka 14:00 skal statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) legga fram nye tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset.
Solberg har allereie varsla at tiltaka blir omfattande. Ifølgje opplysningar NTB har fått tilgang til, er eitt av tiltaka at alle skular og barnehagar i landet blir stengde.
– Me må vera budde på at me i dag kjem med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka me har hatt i fredstid i Norge, sa Solberg då ho møtte pressa tidlegare torsdag, ifølgje VG.
Tal frå same avis viser at over 687 personar har blitt smitta i Norge. I Indre Sogn er to personar stadfesta smitta, begge i tettstaden Sogndal.
Tidlegare på dagen informerte fylkeskommunen at alle vidaregåande skular i Vestland blir stengde frå og med fredag 13. mars. Høgskulen på Vestlandet har avlyst all undervising og aktivitetar for studentar på alle studiestadar i ein månad frå og med fredag.
Saka blir oppdatert.