ULUKKE: Ulukka skjedde ved Kvamsøy i Balestrand.
ULUKKE: Ulukka skjedde ved Kvamsøy i Balestrand. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

To personar til sjukehus etter utforkøyring

Det er enno ikkje kjent kor hardt dei to er skadde. Vegen er open att.

Balestrand: Klokka 12.10 onsdag rykka naudetatane ut etter melding om at ein bil hadde køyrt av vegen ved Kvamsøy i Balestrand kommune. To personer sat i bilen, begge begge er køyrde til Førde sentralsjukehus med ambulanse. Skadeomfang er ukjend

Ifølgje politiet skjedde ulukka i ei 80-sone. Det var store skadar på bilen. 

Fylkesveg 55 mellom Balestrand og Kvamsøy er no open att.

Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen