FORTUN: Det er i svingane ned frå Sognefjellet ulukka skal ha skjedd.
FORTUN: Det er i svingane ned frå Sognefjellet ulukka skal ha skjedd. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Bil mista bremsekraft på veg ned frå Sognefjellet

Ulukke på veg ned frå fjellet.

Luster: Ein utanlandsk bil mista tysdag bremsekraften på bilen sin og havna i grøfta på veg ned frå Sognefjellet, mot Fortun i Luster.

Det opplyser Tatjana Knappen på operasjonssentralen til politiet. 

– Bilen har mista taklasten, men føraren framstår som uskadd.

Både brannvesen og politi rykkte ut til staden. Føraren har sjølv opplyst å vera uskadd.

– Vegen er delvis sperra, bilen ligg på sida, og det er noko trafikale problem på staden, seier Knappen.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller 95189395.

Til toppen