BERGA: Lettare nedsota, men i live. Fjøsbrannen i Gaupne måndag fekk eit heldig utfall.
BERGA: Lettare nedsota, men i live. Fjøsbrannen i Gaupne måndag fekk eit heldig utfall. (Foto: Linda Watten)

Over hundre sauer berga frå fjøsbrann

Ein heldig saueflokk i Luster kan breka letta ut. Måndag stod dei i fare for å brenna inne då fjøsen deira tok fyr.

Luster: Bonden sat og drakk kaffi då alarmen gjekk.

– Han prøvde å sløkka sjølv med pulverapparat, men det blussa berre opp att, fortel far hans, Karsten Kristensen.

Ei betongplate mellom dei to etasjane hindra flammane i å ta fat i løa.

FAREN OVER: Både brannmannskap og bonden kan pusta letta ut. Fjøsbrannen vart raskt teken hand om. Foto: Linda Watten

– Det var flaks i uflaks, seier ein letta Kristensen, som i si tid bygde fjøsen på garden.

Ifølgje vår journalist på staden har 120 sauer blitt berga ut. Bortsett frå litt sot i ulla, ser det ut til å ha gått bra med dei.

Ein skal veterinær sjekka korleis det står til med dyra, med tanke på all røyken dei har pusta inn, skriv NRK

Var fare for spreiing

Det var klokka 11.51 måndag at politet melde om brannen på Twitter. Fleire dyr var sperra inne, og naudetatane var på veg.

Til NRK opplyste politiet at det var fare for spreiing til bustadhus i området.

– Det skal vera opne flammar, og det brenn frå ein vegg i fjøsen. Me veit ikkje kor stor brannen er enno, sa Magnussen til NRK .

Ein knapp halvtime seinare kom beskjeden om at fjøsbrannen var sløkt, og at dyra var komne i tryggleik.

REDNINGSMENN: Fire røykdykkarar vart redninga for denne heldige flokken. Foto: Linda Watten
Til toppen