
Aurland: Klokka 20:13 skreiv politiet på Twitter at brannen var slukka.
Ein halvtime tidlegare kom meldinga om eit overtent køyretøy som stod midt i hovudvegen på E16 ved Otternes, i nærleiken av Flåm.
I bilen sat Øyvind Rong og Odd Erik Hostad, som kom uskada frå hendinga. Dei var på veg heim frå eit biltreff på Elevrum då ulukka inntraff.
– Me kom ut av Ohnstadtunnelen då me kjente litt brent lukt. Me tenkte det kunne komme av brems eller clutch, slik det ofte kan vera i tunnelar. Trudde kanskje det kunne vera ein bil framfor oss, seier Rong til Porten.no.
– Så kom det plutseleg røyk inn i kupeen. Då måtte me berre komme oss ut.
Kompisane hadde planar om å stoppe ved første haldeplass, men så langt kom dei ikkje. Bilen stoppa av seg sjølv før den tid.
– Då me opna dørene, stod flammane 40-50 centimeter opp frå undersida av bilen, seier Rong.
Ti minutt etter var bilen, ein Audi S2, overtent.
– Eg var litt tungpusta etterpå, for me kavde jo litt, men elles gjekk det bra og me er i fin form. Me er veldig glade for at dette ikkje skjedde inne i ein tunnel, seier Rong til Sogn Avis.

Politiet: Blir oppretta sak
Årsaken til brannen er førebels ukjend. Brannen starta i ein bil på E16, to minutt frå Flåm i Aurland.
Klokka 21.16 melder Vest Politidistrikt at bilen er fjerna og at det blir oppretta sak. Det gjeld ukjent brannårsak i motorrom.