BRANN: Minst ei leiligheit står i brann på Ulvahaugen i Sogndal sentrum.
BRANN: Minst ei leiligheit står i brann på Ulvahaugen i Sogndal sentrum. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Brann i bustadblokk Sogndal sentrum

Det brenn i minst ei leiligheit i Sogndal sentrum. Fleire personar skal vere evakuerte, men situasjonen er framleis uoversiktleg.

Sogndal: – Me har ikkje mykje konkret å gå på enno. Kva som er skjedd er enno usikkert, seier Frode Kolltveit ved Vest Politidistrikt.

Brannen går føre seg på Ulvahaugen i Sogndal, og Politiet fekk melding om hendinga klokka halv fire natt til sundag.

Minst 18 personar er allereie evakuert til omsorgssenteret i nærleiken, men det er enno uvisst kor mange som var i bygget då brannen starta.

 – Me har ikkje meir informasjon å kome med nett no, men me vil informere so snart me har betre oversikt over situasjonen, seier Kolltveit.

  Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Fleire brannbilar og taxiar er til stades på adressa, i tillegg til minst ein politibil og ambulanse. Porten.no såg også eit røykdykkarlag kome til staden kring 04:00.

Porten.no oppdaterer saka!

 
Til toppen