Leikanger: Politiet melde om ulukka klokka 22.32. Då var føraren allereie komen ut av køyretøyet.
– Politi og luftambulansen er på staden. Førar er medviten, har smerter i ryggen, skreiv politiet ein knapp time seinare.
Like etter kom meldinga om at føraren hadde blitt flydd til sentralsjukehuset i Førde. Politiet veit ikkje kor alvorleg han er skada.
– Arbeidstilsynet er varsla, politiet opprettar sak, skriv dei klokka 23.43.
Klokka 11:02 torsdag melder Helse Førde AMK om at føraren, ein mann 20-åra, er fysisk uskadd etter ulukka.