OPPMODAR: Magne Klepp, leiar i personmarked i Sogn Sparebank oppmodar alle til å legitimere seg snarast.
OPPMODAR: Magne Klepp, leiar i personmarked i Sogn Sparebank oppmodar alle til å legitimere seg snarast. (Foto: Liv Einemo Tønjum)

Siste frist for legitimering i fleire bankar fredag: – Telefonane har eksplodert

Dersom ein ikkje legitimerer seg i banken innan fredag 17. januar, vert konto, kort og nettbank mellombels sperra.

Indre Sogn: I fjor haust kom nyheita om at kundane i norske bankar vert lovpålagde å legtimera seg, for å førebygga og oppdaga økonomisk kriminalitet.

På fredag går fristen ut, og Sogn Sparebank opplever stor pågang frå kundar som vil fiksa dette i siste liten. 

– Me sende ut ein SMS til kundane våre for å minna dei på dette onsdag morgon, og har sidan det har det vore ekstra stor pågang. Telefonane har eksplodert og me hadde ein jamn straum med kundar inn i lokalet heile dagen, seier Magne Klepp, leiar for personmarknaden i Sogn Sparebank.

Klepp: – Folk ventar ofte til siste liten

Dersom legitimasjon ikkje er levert innan fristen, vil konto, kort og nettbank blir sperra, opplyser Klepp. Dette vert fyrst låst opp igjen når kunden har legitimert seg.

I tillegg må kunden fylla ut eit skjema om antikvitvask og personleg bruk av banken. 

– Me har tidlegare sendt ut SMS, brev, hatt informasjon om det på heimesida, mobilbank og nettbank. Så kundane er godt opplyste om det, men det er ofte slik at folk ventar til siste liten. 

Sparebanken Vest har òg frist den 17. januar. Sparebanken Sogn og Fjordane opplyser at dei hadde frist i november i fjor, og dei jobbar no med å stenga kontoar. 

Siste oppmoding

Dei kundane som har Bank ID eller nettbank kan legitimerast med pass. Dei utan bank ID eller nettbank, kan derimot bruke andre formar for legitimasjon, som førarkort eller bankkort med bilete. 

No har Klepp ei klar oppmoding til dei som endå ikkje har leigtimert seg. 

– Ta kontakt med banken, enten via telefon, mail, nettbank eller stikk innom eit lokalkontor for å visa legitimasjon og fylla ut kundeerklæringsskjema, seier han. 

Til toppen