ULUKKE: Vegen er stengd mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.
ULUKKE: Vegen er stengd mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. (Foto: Porten-tipsar)

Buss køyrde i fjellvegg i Årdal

Mann i 60-åra omkom. Politiet etterforskar ulukka.

Årdal: Klokka 16.17 melde politiet at ein buss hadde køyrd i ein fjellvegg mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Ulukka skjedde ved Rausnessvingane omlag to kilometer frå Øvre Årdal.

Bussen er Valdresekspressen og sjåføren er ein mann i 60-åra frå Sogn. Han var den einaste ombord. Luftambulansen letta rundt 17.45 og frakta pasienten til Førde sentralsjukehus. 

I ei pressemelding seinare på kvelden opplyser politiet at mannen diverre er omkomen.

Store skader på bussen

Det danna seg fort lange køar både på mot Årdalstangen og Øvre Årdal etter ulukka. Ei kjelde på staden kunne fortelja at det var store materielle skader på bussen. 

KØ: Det er lange køar både i Øvre og på Årdalstangen. Foto: Porten-tipsar

– Bussen skrapa langs fjellveggen før den stoppa. Brannvesenet måtte berga sjåføren ut gjennom vindauget, seier Lars Geitle, operasjonsleiar på operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

I ei tidlegare utgåve av artikkelen, var operasjonsleiaren sitert på at inngangsdøra til bussen stod mot fjellsida. Som mange lesarar har skjønt utifrå biletet, så var det ei forsnakking. For ordens skuld har me òg fått stadfesta at dette var feil frå driftsleiaren i NOR-WAY Bussekspress, selskapet som har ansvar for ruta.

Vegen er stengd inntil vidare medan dei ventar på bilbergar. Bussrutene er innstilt til tidlegast 18:50.

Klokka 17.05 opplyste politiet at dei er på staden og etterforskar ulykka. 

Kaos

– Det var litt kaos der framme. Me kom i 16-tida og medan me stod der kom eit par sjukebilar og brannbil. Det låg litt greier i vegen, moglegvis bussdelar, seier Silje Larsen som var i ein bil nær bussen då ulukka skjedde.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Til toppen