Sogndal:– No er det finavretting, så er det eit tunt lag med sand opp att på før kunstgraset kan rullast på, seier Oddgeir Havnen i Havnen Anlegg AS.
Entreprenøren frå Kaupanger har fått ansvaret for å fjerne grasbana på Kvåle, den siste attverande i bygda, og gjere ho klart for legging av kunstgras.
– Det er den vegen det går. Det er kunstgras alle vil ha, seier Havnen.
Brannsiger var høgdepunktet
Fosshaugane har alltid vore basen for fotballen i bygda, men Sogndal stadion var hovudarena i tre-fire sesongar frå opninga midt på 80-talet.
Klubblegende Asle Hillestad (364 kampar) har mange minner herifrå, der han meiner å hugse at han fekk heimedebuten i 1985. Høgdepunktet kom uansett møtet mot Brann i 1988.

– Det er ikkje alt eg hugsar frå karriera, men den kampen hugsar eg, seier han.
Det var første gong dei to laga møttest på øvste nivå i seriesamanheng og publikumskapasiteten var fullstendig sprengt. Sogndal vann 2-0 etter skåringar av Knut Christiansen og Svein Bakke.
Støttar omlegginga til kunstgras
Den kampen hugsar òg Jon Navarsete, ein annan klubbveteran.
– Ingen veit kor mange som var der, men det var sikkert 7-8000. Det var litt av eit oppgjer, det desidert største der oppe, seier han.
Sjølv om dei begge har gode minner frå stadion er det ikkje særleg nostalgi å spore når naturgras no må vike for grøn plast.
– Eg er av den gamle skulen og meiner at fotball skal spelast på gras. Likevel har eg full forståing for at ein vel å gå over til kunstgras med tanke på klimaet vårt og belastninga som er på banene. Det blir trent mykje meir enn før, seier Hillestad.
– Eg synst det er heilt greitt. No blir bruksverdien fleire gangar større og sesongen blir utvida i begge retningar, seier Navarsete.
Målet er at kunstgraset skal vere klart til bruk 26. september, det opplyser Yngve Hallèn i Sogndal Fotball, men han understreker at fristen er vêravhengig.