JOBBAR PÅ: Denne veka blir det lagt ny asfalt i tilknyting til Loftesnesbrui. Arbeidet med å ferdigstilla den nye brua går mot slutten.
JOBBAR PÅ: Denne veka blir det lagt ny asfalt i tilknyting til Loftesnesbrui. Arbeidet med å ferdigstilla den nye brua går mot slutten. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Siste innspurt for Loftesnesbrui

Om ein månad skal ho vera heilt klar, men no er det berre asfaltering og finpussen som står att.

Sogndal: – Det er finalerunden som går no, seier Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Om ein månad skal Loftesnesbrui vera heilt ferdig, og prosjektleiaren seier entreprenøren ligg godt i rute til å rekka fristen 27. juli.

STARTEN: Prosjektleiar Gunnar Solbakken står framfor gamle Loftesnesbrui då bygginga var heilt i startfasen. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen. Foto: Arkiv

No går arbeidet for fullt med asfaltering, legging av kanstein og planting. Med andre ord er det snakk om siste finishen før alt er klart.

– Det publikum vil merka mest til er asfalteringa, som gjer at det blir køar og manuell dirigering i dagane framover, seier Solbakken.

(Artikkelen held fram under biletet)

SNART KLART: Det meste byrjar å koma på plass òg i parkområda og fjordstien i tilknyting til nyebrua.   Foto: Halvor Farsund Storvik

Datoen sett for opninga

Asfalteringa på hovudvegen stort sett skal vera ferdig denne veka, opplyser han, deretter er det gangvegane og stiane sin tur.

For at flest mogleg skal få med seg opninga av Loftesnesbrui og fjordstien, kjem den ein månad etter at jobben eigentleg er ferdig. Datoen er sett til fredag 24. august og programmet startar på ettermiddagen slik at flest mogleg skal ha fri og høve til å møta.

Me skal ha eit kunstverk inn på området som skal avdukast den dagen. Etterpå vert det tradisjonell vegopning, med litt underhaldning som det vil komma program på etter kvart, seier Solbakken.

GANGVEG: Etter asfalteringa på hovudvegen denne veka, er det gangvegane og stiane som står for tur. Foto: Halvor Farsund Storvik

Brage Baklien (FrP), statssekretær i Samferdsledepartementet, får æra av å klyppa snora.

Folkekjært prosjekt

Når det no nærmar seg slutten, kan Solbakken sjå tilbake på eit prosjekt som har skapt breitt engasjement i bygda.

– Det har vore masse positive og gode opplevingar i heile prosessen. Me har fått masse spørsmål frå alt frå skuleklassar til den vanlege mannen i gata, politikarar og frå bransjen, seier Solbakken.

Han tykkjer det har vore kjekt å jobba med prosjektet, men gler seg òg til brua blir ferdig.

– Det betyr ikkje at eg er lei jobben, men eg er glad for at me snart kan sjå det ferdige resultatet av to og eit halvt år med arbeid, seier Solbakken.

Til toppen