Siste innspurt for monteringa av Loftensnesbrui

Den nye brua i Sogndal skal vere ferdig montert på fredag. Så startar fleire månader med støyping.

Sogndal: I dag vart den andre av to sidekonstruksjonar til den nye Loftesnesbrui installerte etter eit stykke presisjonsarbeid av kranoperatørane. Mellom den nye og den gamle brua er det berre nokre få centimeter klaring.

Medan arbeidet pågjekk vart trafikken over brua stoppa og det danna seg lange køar på begge sider. 

Les også: Den nye brua i Sogndal tek form – i Polen
Les også: Her blir den siste pålen for den nye brua slått ned

Fredag kjem den midtre og siste delen på plass og brua vil ta si endelege form, om enn berre visuelt. Enno står det att mykje jobb, berre støypinga vil halde på fram til sommaren.

Offisiell opning er våren 2018, men etter planen skal brua opnast for trafikk allereie 1. desember i år. 

 

Til toppen