Siste ord ikkje sagt om Ljøsne skule

Siste ord ikkje sagt om Ljøsne skule

Nedleggingssaka hamnar truleg hjå Fylkesmannen.

Lærdal: – FAU har fått utarbeidd ein anke til lovlegkontroll, den er skriven frå vår side. Me hadde dette oppe i møte i førre veke, og alle som har sett den hjå oss til no er einige om at me går for denne, seier leiar i FAU ved Ljøsne skule, Hans W. Tønjum.

Torsdag 20.oktober vedtok kommunestyret i Lærdal å leggja ned Ljøsne skule med minste moglege margin - ni mot åtte stemmer.

Les også: Ljøsne skule er nedlagt

Artikkelen held fram under biletet

NEDLEGGING: Her blir Ljøsne skule nedlagt med ni mot åtte røyster. Arkiv
NEDLEGGING: Her blir Ljøsne skule nedlagt med ni mot åtte røyster. Arkiv

I kommunestyret gjekk Vidar Gram (SP) på talarstolen og spurde rådmannen om ein tålte ein lovlegkontroll på eit då eventuelt nedleggingsvedtak. Han viste då til at gjeldande samfunnsdel i kommuneplanen er frå 1999 og at det her står at det skal vera ein skulestruktur med tre skular i Lærdal. 

– Tungtvegande argument 

Ein ny samfunnsdel skulle eigentleg vedtakast før skulebruksplanen, men fordi Fylkesmannen gjennom høyringsrunden hadde ei rekkje punkt med motførestellingar og moglege betringar i planen som låg føre, vedtok formannskapet å utsetja denne saka.

Les også: – Kunne like godt brukt "copy-paste" frå andre sine planar

I utgangspunktet ligg ein kommuneplan over ein skulebruksplan, det vil seia at den siste ikkje kan gå på tvers av den første. Rådmann Alf Olsen jr. svara Vidar Gram i kommunestyret då Ljøsne skule blei vedteken nedlagt at ein ikkje må ta omsyn til denne rekkjefølgja når det er tungtvegande argument for noko anna. Vidare at det var tungtvegande argument i denne saka.

FAU-leiar Tønjum fortel til Porten at anken som no er forfatta tek føre seg to punkt dei meiner det er grunnlag får lovlegkontroll på, men vil ikkje seia kva det eksakte innhaldet i desse to punkta er. Tilhøvet mellom kommuneplan og skulebruksplan kan altså vera eitt av dei.

– Først må alle i FAU vera einige om at me går for dette, så må minst tre kommunestyrerepresentantar skriva under på anken. Og me har fått lovnad frå minst tre representantar om deira signatur når me har grunnlaget for anken i orden.

– Økonomi ikkje lov å bruka som argument for skulenedlegging

Han fortel at FAU også har vore i kontakt med LUFS (Landslaget for nærmiljøskolen).     

– Dei seier at vedtaket som er gjort eigentleg ikkje er nedlegging av skulen, men eit vedtak av skulebruksplanen. Dette har me likevel ikkje lagt mykje vekt på i anken. Så er det faktisk slik at økonomi ikkje er lov å bruka som argument for nedlegging av skule.

Les også: – Nærleik til skule blir avgjerande når unge skal etablera seg

Artikkelen held fram under biletet

ANKE: FAU-leiar Hans W. Tønjum og nestleiar Bjørg Haugo har klar ein anke med to punkt. Når resten av FAU har gitt si godkjenning til utforming av anken vil den etter alt å døma hamna hjå Fylkesmannen som lovlegkontroll. Arkiv
ANKE: FAU-leiar Hans W. Tønjum og nestleiar Bjørg Haugo har klar ein anke med to punkt. Når resten av FAU har gitt si godkjenning til utforming av anken vil den etter alt å døma hamna hjå Fylkesmannen som lovlegkontroll. Arkiv

Tønjum fortel også at det vil bli eit allmøte for foreldre til born i skulepliktig alder innanfor Ljøsne skulekrins tysdag 8.november klokka 19.   

– Me avgrensar møtet til dei det gjeld ettersom me skal snakka skule. Her er rektor ved skulane på Borgund og Lærdalsøyri inviterte til å fortelja om skulane sine og kva tilbod dei har ettersom det mildt sagt ikkje er avklart noko rundt skulekrinsgrensen. Oppvekstsjefen i kommunen er også invitert for å seia noko om prosessen som har vore.

Til toppen