Førde: Ein pasient som var innom Førde sentralsjukehus søndag, har i dag testa positivt på korona. Arbeidet med smittesporing er i gang. Ni tilsette i Helse Førde er sette i karantene.
I pressemeldinga kjem det fram ar pasienten blei akutt dårleg på gjennomreise i Sogn og Fjordane. Vedkommande blei frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Her blei det raskt avgjort å sende pasienten til Haukeland universitetssjukehus, og ein koronatest teken i dag, viste seg å vera positiv.
– Vedkommande blei kartlagt for koronavirus på sjukehuset i Førde, men sidan det ikkje var symptom eller mistanke om smitte, blei det ikkje teke test, seier fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth.
Smittesporing
I alt ni tilsette i Helse Førde er sette i karantene. Dette er ambulansepersonell som køyrde personen til og frå Førde, samt helsepersonell som var i kontakt med pasienten i mottaket ved sentralsjukehuset.
Arbeidet med smittesporing held fram utover kvelden, og pasienten sin heimkommune er varsla.
– Me samarbeidar med Helse Bergen i det vidare smittesporingsarbeidet, seier Helleseth.