RAS: Raset er mellom 50 og 100 meter breitt.
RAS: Raset er mellom 50 og 100 meter breitt. (Foto: Hydro Energi)

Stort ras over anleggsveg i Fortunsdalen - vegen er stengt 

Det har gått eit større jordskred ved Nørdstedalseter i Luster kommune.

Luster: Rundt 09:12 i dag fekk politiet melding om eit stort jordskred over anleggsveg mellom Stølsdalen og Nørdstedalseter i Fortunsdalen. Det var Hydro sitt kraftverk, Fortun Energi, i Fortun som melde frå om raset.

Skredet er mellom 50-100 meter breitt, og ingen er tekne av raset. 

Tre personar skal gå utanom raset 

Det er tre personar på DNT-hytta i området.

– Me har vore i kontakt med dei, og dei opplyser at dei vil ta seg til fots ned utanom raset, seier Halvor Molland, informasjonsdirektør i Hydro.

RAS: Det har gått ras ved Nørdstedalseter i Fortunsdalen. Her frå helikopter over raset. Foto: Hydro Energi

Vegen kan bli stengt over vinteren

Geologar skal no undersøka rasområdet. 

– Me kan ikkje utelukka at vegen blir stengt ei stund framover. Vinteren kjem jo fort no, så me kan ikkje utelukka at vegen blir opna fyrst etter vinteren, seier Molland.

Dette vil bli avgjort når geologar har vore på staden. Molland seier dei set sikkerheiten fyrst.

– Me ynskjer ikkje at folk skal ta seg inn i raset. 

Hydro eig vegen

Hydro hadde eit helikopter som såg til raset tidlegare i dag. 

Politiet har ikkje sendt patrulje til staden, og det er Hydro som eig vegen. Dei tek ansvar med skilting og sperring. 

Det er berre to veker sidan folk i Fortun var isolerte grunna flaumen som førte til stengt og øydelagt veg.

Til toppen