DUGNADSÅND: Her legg foreldre og born siste hand på leikeplassen i Moane. Borna gler seg til ny sklie.
DUGNADSÅND: Her legg foreldre og born siste hand på leikeplassen i Moane. Borna gler seg til ny sklie. (Foto: Linda Watten)

Siste ryddedugnad etter storflaumen er overstått

Tredje og siste dugnad på Skjolden etter flaumen er ferdig.

Skjolden: 14. oktober i fjor var det storflaum på Skjolden, noko som gjekk hardt utover både Fortunsdalen og Mørkridsdalen i bygda. 

I tillegg flaut det av rundballar, drivved og boss etter flaumen.

DUGNAD: Stranda var full av drivved etter flaumen. Foto: Linda Watten

Før jul rydda ein dugnadsgjeng på 50 stykk opp all plasten som låg strødd på Skjolden og i dalen etter flaumen. 

– Når det heng plast rundt om i både gjerdestolpar og tre, så det er ikkje noko pent å sjå på, sa leiaren i bygdelaget då. 

Stor forskjell

Før påske stilte nok ein gong skjoldingane opp på dugnad og denne gongen var det fjerning av drivved og rask frå fjorden som stod for tur. No har dei gjort siste rest, og bygda er endeleg klar til sommaren. 

SOM NY: Slik ser stranda ut etter tre dugnadar. Foto: Linda Watten

– Det er blitt ganske stor forskjell frå fyrste dugnaden, i alle fall på stranda der det er blitt kjempefint no, seier Stine Mari Flikki. 

Ho har vore med på alle dugnadane saman med familien sin. Både små og store hjelper til, og Skjolden har alltid hatt god dugnadsånd. 

– Som alltid er det sånn. Folk i alle aldrar stiller, og folk er flinke til å møta opp.

I regi av bygdelaget 

Dette er den tredje dugnaden etter flaumen, men samstundes den årlege vårdugnaden Skjolden Bygdelag alltid arrangerar.

DUGNAD: Stine Mari Flikki ryddar leikeplassen. Foto: Linda Watten

– Etterpå inviterar bygdelaget dugnadsgjengen på betasuppe, kaffi og is. Dugnad er både kjekt og sosialt, fortel Flikki. 

Sjølv om sentrum av Skjolden no ser bra ut står det fortsatt att litt arbeid framover mot Mørkridsdalen, men dette blir jobba med kvar dag.

– Du ser fortsatt spor etter flaumen framme i dalen, men det har jo ikkje me hatt dugnad. Det ser fortsatt heilt anleis ut der enn det gjorde tidlegare, seier Marie Alme. 

Endeleg kan skjoldingane senka skuldrane og ta i mot både turistar og cruiseturistar til ei fin og ryddig bygd dei neste månandane. 

– No er det berre til å koma på besøk.  

Til toppen