ROMSLEGARE: Utbygginga vil gje betre rom for høge køyretøy, slik at dei slepp å leggja seg innover i vegbana.
ROMSLEGARE: Utbygginga vil gje betre rom for høge køyretøy, slik at dei slepp å leggja seg innover i vegbana. (Foto: Kari Solemsli, Statens vegvesen)

Siste salve i Røneidstunnelen 

Førre veke small siste salva i taket på fv. 55 Røneidstunnelen, og tysdag morgon enda siste natta med stengingar. 

Luster: I heile haust har det vore sprengingsarbeid for å gjera Røneidstunnelen romslegare i høgda. Dette skal gje betre rom for dagens høge køyretøy, slik at dei slepp å leggja seg innover i vegbana. No er dette arbeidet unnagjort, og opprustinga går over i neste fase.

– Tunneltaket er ferdig, men me må nok fyre av nokre salver til for å få sprengd ut plass til kummar som skal samla opp vaskevatn, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i ei pressemelding.

– Dette kjem me truleg til å venta med til etter nyttår, så i førjulstida blir det stille i denne tunnelen. 

Takkar for tolmodet

Arbeidarane på prosjektet kjem med positive tilbakemeldingar på trafikkavviklinga so langt: dei vil gjerne takka ei tolmodig lokalbefolkning, og håpar arbeidet vil gå like fint inn i det nye året.

Når aktiviteten i Røneidtunnelen startar opp att vert det på dagtid, med same arbeidstider som i Otta og Råumtunnelen, lenger inne i fjorden.

– Det blir same opplegget som i Råumtunnelen, med kolonnar kvar halvtime, opplyser Hovland. Kolonnane i Råum og Røneid vil blir samkøyrde so godt som råd. I tillegg vil rutegåande bussar sleppa gjennom når dei kjem til tunnelen. 

Arbeid i fleire Lustratunnelar

I Råumtunnelen er det so langt grave grøfter og lagt høgspentleidningar på fjellsida. Inn mot jul blir det jobba med grøfta på fjordsida av tunnelen. I Ottatunnelen ventar dei å bli ferdige med grøfter og vass- og frostsikring denne veka.

ROMSLEGARE: Utbygginga vil gje betre rom for høge køyretøy, slik at dei slepp å leggja seg innover i vegbana. Foto: Kari Solemsli, Statens vegvesen

Tre tunnelar på sørsida av Lustrafjorden, og Haukåstunnelen i Jostedal har òg fått ei overhaling som del av tunneloppgraderingsprosjektet. Her er det bolta og påført sprøytebetong, for å sikra fjellveggene. Dette arbeidet er i all hovudsak ferdig – berre litt bolting står att på sørsida.

Arbeidet i tunnelane i Luster skal etter planen vera ferdig til ferien neste år. Opprustinga er del av eit nasjonalt prosjekt med oppgradering av tunnelar på både Europa-, riks- og fylkesvegar.

Til toppen