Dei tre selskapa har laga ein rapport som viser at ei samanslåing av vasskraftproduksjonen vil gje auka inntekter og reduserte kostnader, i tillegg til større kompetansemiljø.
Dei tre selskapa har laga ein rapport som viser at ei samanslåing av vasskraftproduksjonen vil gje auka inntekter og reduserte kostnader, i tillegg til større kompetansemiljø. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Sogn og Fjordane Energi, BKK og Hydro vurderer å skipe vasskraftgigant

Dei tre selskapa har laga ein rapport som viser at ei samanslåing av vasskraftproduksjonen vil gje auka inntekter og reduserte kostnader, i tillegg til større kompetansemiljø.

Det nye selskapet har fått arbeidstittelen Vestlandskraft og vil bestå av 63 kraftverk og produsere 12,1 terawattimar straum.

Nyheita vart kjend i ei pressemelding i dag. Bakgrunnen for utgreiinga er Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt ønske om å sikre at verdiane i SFE ved ei eventuell fylkessamanslåing med Hordaland. BKK ønskjer på si side «ei sterkare konsolidering på Vestlandet», ifølgje pressemeldinga.

For Hydro sin del er det aktuelt å vere med i eit framtidig felles vasskraftselskap med kraftverka i Røldal-Suldal.

SFE, BKK og Hydro sine representantar konkluderer i rapporten at ein felles vasskraftgigant på Vestlandet «kan vere den rette løysinga for spørsmåla som eigarane har reist i mandatet. Ein vidare prosess der ein går grundigare inn i dei viktige spørsmåla for eigarane og selskapa vil kunne gje dei endelege svara på om «Vestlandskraft DA» bør realiserast.» 

– Sogn og Fjordane fylkeskommune er den største eigaren i SFE. Rapporten vil bli drøfta i fylkesutvalet 23. august og for fylkeskommunen er det avgjerande at ein ved eventuell etablering av eit nytt produksjonsselskap opprettheld lokale arbeidsplassar og kompetansemiljø, bevarer lokalt eigarskap og sikrar kontroll med dei lokale naturressursane, seier fylkesordførar Jenny Følling i pressemeldinga.

Det er berre vasskraftproduksjonen i selskapa som vert vurdert slått saman. Eigarselskapa vil bestå og driva anna verksemd vidare.

– Som vasskraftprodusent, men ikkje minst som aluminiumsprodusent veit vi i Hydro at tilgang på stabil og fornybar energi er ein føresetnad for å satse på langsiktige industriarbeidsplassar. Eit stort produksjonsselskap kan gjera Vestlandet meir attraktivt for eksisterande og ny industri, og dermed kunne bidra til fleire industriarbeidsplassar og auka verdiskaping, seier Arvid Moss, konserndirektør for forretningsutvikling og energi i Hydro.

Til toppen