Siste spikaren i kista for Knaken

Siste spikaren i kista for Knaken

Det var framleis eit lite håp før møtet med ordføraren, men no har eigarane gitt opp draumen.

Kaupanger: – Knaken er nedlagt. Det må vi berre innrømme, seier Christoffer Knagenhjelm, som saman med kona eig og driv den vesle kafèen like ved stavkyrkja på Kaupanger.

I tillegg til kafèdrift driv paret òg guiding og kulturformidling med utgangspunkt i den rike historia på staden. Men eit tungrådd byråkrati har teke frå dei lysta til å satse

SNART SLUTT: Christoffer Knagenhjelm har bestemt seg for å leggje ned kafèdrifta og guidinga på Kaupanger.
SNART SLUTT: Christoffer Knagenhjelm har bestemt seg for å leggje ned kafèdrifta og guidinga på Kaupanger.

Ordføraren hadde invitert til møte for å finne løysingar, slik at Knaken skulle snu i avgjerda om å stenge.

Les også: Ordføraren inviterer til møte − vil få Knaken til å snu

Der stilte òg rådmannen og representantar frå riksantikvaren og kulturavdelinga til fylkeskommunen.

– Det enda opp i dei same diskusjonane vi har hatt dei siste åra. Alt i alt er vi ikkje kome noko lenger, seier Knagenhjelm, som likevel roser spesielt rådmannen for ei kontruktiv tilnærming. 

Det einaste konkrete dei fekk ut av møtet var ein lovnad om å sjå på kravet om nydyrkingssøknad på nytt. Det vart for smått og dermed er det kroken på døra for godt, sett bort frå enkelte lukka arrangement.

– Alt i alt er vi rimeleg skuffa over møtet, seier Christoffer Knagenhjelm.

 

Til toppen