Siste spikaren i kista for Ljøsne skule

Siste spikaren i kista for Ljøsne skule

Fylkesmannen har vurdert vedtaket kommunestyret i Lærdal gjorde i oktober som lovleg.

Lærdal: 20.oktober vedtok kommunestyret i Lærdal å leggja ned Ljøsne skule. Spørsmålet om lovlegkontroll vart så handsama i kommunestyret i Lærdal 24.november der politikarane gjekk inn for å senda lovlegkontrollen til Fylkesmannen.

Les også: Ljøsne skule blir lagt ned

Les også: Sender skulesaka til Fylkesmannen

Artikkelen held fram under biletet

VEDTAKET: Her blir Ljøsne skule lagt ned med ni mot åtte røyster. Arkiv
VEDTAKET: Her blir Ljøsne skule lagt ned med ni mot åtte røyster. Arkiv

«Saka er forsvarleg klarlagt»

I vurderinga Fylkesmannen har publisert på sine nettsider fredag ettermiddag står det følgjande:

«Dei som kravde lovlegkontroll hevda at vedtaket ikkje var lovleg fordi kommuneplanen er utdatert, og kommunestyret tidlegare har vedtatt at skulebruksplanen måtte tilpassast overordna føringar i kommuneplanarbeidet. Dei meiner det er feil at kommunestyret først vedtek nedlegging, før nye krinsgrenser er fastsette. Vidare meiner dei at saka er mangelfullt utgreidd, blant anna når det gjeld kor lang reisetid elevane vil få. Dei meiner det er i strid med plan- og bygningslova at barnerepresentanten ikkje er innkalla eller referert til i saka.

Kommunestyret har høve til å gjere endringar i skulestrukturen utan å rullere kommuneplanen først. Dei har også mynde til å endre eigne vedtak eller gjere nye vedtak som går i anna retning enn tidlegare. Kommunen vel sjølv om dei vil gjere vedtak om nedlegging av skule og endring av krinsgrenser i same vedtak eller i to ulike vedtak. Det er ikkje lenger obligatorisk for kommunen å ha ein barnerepresentant, kommunen har på anna måte sytt for å involvere barn i prosessen og vurdert barnets beste. Kommunen har gjennomført høyring og opne folkemøte. Vi meiner kommunestyret har hatt rimeleg kjennskap til synspunkta til dei som vert råka før vedtaket vart gjort, og at saka er forsvarleg klarlagt.

Ut frå dette har vi kome til at vedtaket er lovleg. Fylkesmannen har ikkje høve til å meine noko om nedlegginga av skulen er føremålstenleg eller ikkje.» 

Til toppen