Skjermbilde 2019-06-29 kl. 11.41.46
Skjermbilde 2019-06-29 kl. 11.41.46

SISTE: Sykkelulukka i Lærdal

Ein person har falle av sykkelen og ramla over ein kant.

Lærdal: Ein person har falle av sykkelen og ramla over ein kant i Lærdal ved Vindedalsvegen, det melder politiet på Twitter. 

Vedkomande er ein mann i slutten av 20-åra, og han har falle kring 10 meter.

– Mannen er bevisst, og no må dei få han opp på ein sikker måte. Det er snakk om tau, og så er det sendt helikopter frå Florø for han ligg litt vanskeleg til, opplyser Terje Magnussen ved operasjonssentralen. 

Naudetatane er på staden. 

Me oppdaterer saka.

Til toppen