SLUTT: Det er snart slutt på telefonkatalogen i papirutgåve. Foto: Eniro Norge.
SLUTT: Det er snart slutt på telefonkatalogen i papirutgåve. Foto: Eniro Norge.

Siste telefonkatalogen i papir

Den aller siste utgåva av den lokale telefonkatalogen Ditt Distrikt kjem ut i 2017, når Eniro avviklar papirkatalogane sine.

Utviklinga i samfunnet viser at størsteparten av befolkninga no går over til å bruke digitale tenester, og det er ikkje lenger behov for telefonkatalogen i papirutgåve.

– Telefonkatalogane har ei historie som går fleire hundre år tilbake og har vore til stor nytte for lokalmiljø og lokalt næringsliv rundt i landet, fortel Renate Morken, kommunikasjonssjef i Eniro Norge.

1880: I Noreg har vi hatt trykte telefonkatalogar sidan 1880, då Morgenbladet publiserte ein heilsides annonse med oversikt over alle dei 169 telefonabonnentane i Kristiania og omland. 
1880: I Noreg har vi hatt trykte telefonkatalogar sidan 1880, då Morgenbladet publiserte ein heilsides annonse med oversikt over alle dei 169 telefonabonnentane i Kristiania og omland. 

Dei fleste av brukarane har derimot gått over til internett-tenester, og for Eniro vil det etter 2017 ikkje vere lønnsamt å produsere katalogane.

I Noreg har vi hatt trykte telefonkatalogar sidan 1880, då Morgenbladet publiserte ein heilsides annonse med oversikt over alle dei 169 telefonabonnentane i Kristiania og omland. Den første katalogen i bokform vart utgitt i 1882, då også med ei oversikt over lokalt næringsliv: yrkeslista.

Dei siste åra derimot er det berre Eniros lokalkatalog Ditt Distrikt som har blitt utgitt. Ditt Distrikt vart utgitt første gong i 1988, og den siste utgåva dekkjer 73 lokale katalogar rundt i landet. (©NPK)

Til toppen