Årdal: Representantar frå Hydro, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, SINTEF Raufoss Manufacturing AS med fleire, møtte til Sitep si generalforsamling måndag.

Rundt bordet var dei åtte nyvalde styremedlemma einige; Årdal har mykje god kunnskap, men for å kunne bli endå betre er det godt samarbeid som gjeld.
– I Årdal har eit næringsliv som innan for sine områder er nokre av dei beste i verda. Det er viktig å få til denne samhandlinga betre i Årdal og regionalt, slik at dette næringa kan utvikle seg betre, seier styreleiar Ottar Henriksen.
Les òg: Lanserer planane som skal føra Årdal i front på framtidas teknologi
–Ny måte å samhandle mellom ulike bedrifter
Ottar Henriksen, vart vald til styreleiar for Senter for innovasjon, teknologi og prosess, Sitep, på generalforsamlinga måndag. Han ser fram til å ta aktivt del i SITEP.
–Det er mykje taus kunnskap i Årdal. Det er mange rundt i Norge som ikkje veit kva Årdal kan, og det må me ta fram. Det må me fortelje Noreg om, slik at Årdal blir ein attraktiv samarbeidspartner nasjonalt. Der kan Sitep spele ei viktig rolle, seier Henriksen.
Sitep vil kople bedrifter men også skule, utdanning og forskning saman for å gjere industrien i Årdal sterkare, seier han.
Henriksen har dei ti siste åra jobba i SINTEF Raufoss Manufacturing AS, og totalt i Raufoss-industrien i 40 år. Den 1. august startar han i ny jobb som leiar av ein fageinheit ved NTNU Gjøvik.
– Vil gjere industri i Noreg sterkare
I fjor jobba SINTEF saman med den nye ordninga katapult, eit nytt læringssenter på Raufoss. Dei såg på kva for ulike miljø dei kunne arbeide med i Noreg for å få eitt nasjonalt nettverk, og etterkvart danna dei samarbeidsavtaler med Osterøy, Sundal og Årdal, seier Henriksen.
– Då fann me ut at Årdal var eit særs interessant miljø for oss å jobba saman med, for der fann me nisje-bedrifter som var leiande internasjonalt, som hadde behov for å samarbeide meir, slik som me også hadde behov for.
–Raufoss og Årdal er ikkje like, men me kan læra av kvarandre i større grad. Når SITEP kom opp som ein idè frå Årdal synast eg at dette var spanande og at dette vil gjere industri i Noreg sterkare, det trur eg framleis.
– Døra ut i verda er igjennom Årdal

Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, trur at Sitep, med SINTEF og Norsk katapult i ryggen, kan opne for noko heile fylket kan gjere nytte av.
– Eg såg med ein gong at miljøet i Årdal rundt Hydro og leverandørane deira, døyr ut i resten av verda. Der døra ut i verda er igjennom Årdal, seier Kvåle.
Han meiner at problemstillinga er den same i resten av fylket; at industrien treng meir kompetanse: – Dette prosjektet vil trigge det og bygga opp eigen kompetanse internt i fylket. Det vil vera med å opna den døra me no ser opnar seg. Som heile tida har vore der, men kanskje ikkje like synleg.