Banksjef Jan Petter Vadheim, Frank Øvstetun dagleg leiar i Sitep og  Anita Lægreid, sjef bedriftsmarknad i Årdal.
Banksjef Jan Petter Vadheim, Frank Øvstetun dagleg leiar i Sitep og Anita Lægreid, sjef bedriftsmarknad i Årdal. (Foto: Terje Laberg)

Øvingsfabrikken til SITEP er fullfinansiert etter milliongåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane

SITEP sin nye øvingsfabrikken er med dette praktisk tala fullfinansiert, fortel dagleg leiar Frank Øvstetun.

Årdal: – Kva skal ein seie? Det er ei vanvittig flott gåve. Dette er kjempebra, seier dagleg leiar Frank Øvstetun.

I dag mottok SITEP heile éin million kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Korleis går det med finansieringa av øvingsfabrikken?

– Med den millionen me fekk i dag, er me praktisk talt fullfinansiert, seier Øvstetun.

Ifølgje totalplanen vil utstyret kosta 14 millioner kroner. Sjølve øvingsfabrikken består fleire av modular og er levert av Festo Didactic, er eit stort konsern som har spesialisert seg i slike opplæringssystem.

– Ein arena for å testa kunnskap i praksis

Øvingsfabrikken skal vera ein arena der studentar og elevar får testa kunnskap i praksis og ein stad der bedrifter kan testa nytt utstyr utan å måtte stenga produksjonen. 

– For elevar som går automasjon eller teknikk og industriell produksjon på vgs, vil det vera ein veldig fin arena for å læra. Til dømes vil dei få øva på å programmera PLS, som er programmerbar logisk styring, ei slags datamaskin for prosessindustrien, på ein litt større skala, har Øvstetun sagt til Porten.no.

Til toppen