Gulen: Gulen kommune fekk tidleg i haust eit tilbod frå Steelhead Invest AS, ved Ola Braanaas og Tore Larsen, om å få overta ein nøkkelferdig barnehage i august 2020. Kommunen er i dialog med føretaket om saka, men meiner barnehagen tidlegast kan vere klart til nyttår 2020, uavhengig om ein tek mot tilbodet frå Steelhead Invest eller ikkje.

– Situasjonen i barnehagen på Byrknesøy er prekær
Gulen kommune meiner det ikkje er realistisk å ha klar ein ny barnehagen på Byrknesøy før om tidlegast eitt år. Politikarar er uroa for at det kan bli store kapasitetsproblem frå august.