MELDTE FRÅFALL: Sivert Mannsverk skulle ha vore på Nordisk mesterskap med G16-troppen denne veka, men måtte melda fråfall for å operera leggane.
MELDTE FRÅFALL: Sivert Mannsverk skulle ha vore på Nordisk mesterskap med G16-troppen denne veka, men måtte melda fråfall for å operera leggane. (Foto: Arkiv)

Sivert (16) skulle ha vore med på Nordisk meisterskap, ventar i staden på operasjon

– Eg trur det høyres verre ut enn det er, seier han.

Årdal: Sivert Mannsverk debuterte for A-laget til Sogndal i fjor. Sidan har den 15 år gamle fotballspelaren vore med på samtlege talentleirar og spelt fire landslagskampar saman med G15 og G16. 

Den unge årdølen vart i vår teken ut til G16-troppen og skulle denne veka ha spelt i Nordisk meisterskap på Færøyene. I staden måtte han bli heime, og ventar no på operasjon.

– Eg måtte diverre melda forfall til den samlinga. Eg skal operera begge leggane neste tysdag, og blir då ute eit par månader, seier han til Porten.no.

Brukte smertestillande på trening

BRUKTE SMERTESTILLANDE PÅ TRENING: Sivert fortel at leggproblema har gjort det særs smertefullt for han å trena, slik at han er nøydd å bruka smertestillande. Foto:  Ole Jørgen Bratland

Sivert fortel at han har muskellosjesyndrom, ei sjeldan liding som oftast råkar idrettsutøvarar, spesielt innan langdistansespringing, fotball og handball.

Enkelt fortalt går den ut på at hinnene rundt leggmusklane er for stramme. Når musklane utvidar seg raskt, for eksempel under ei treningsøkt, fører det til smerter. 

– Akkurat no trenar eg med Sogndal 2 medan eg brukar smertestillande. Det går greit dersom det ikkje blir for mykje belastning, seier han. 

– Men eg kan jo ikkje gå på smertestillande i dei resterenda 3-4 månadane av sesongen. Difor har eg, saman med trenarar og fysioterapeuten til landslaget, kome fram til at eg skal gjera dette inngrepet no.

Skal operere på tysdag

Operasjonen skal skje på tysdag, noko han held seg forholdsvis roleg til. Han ser ikkje fram til å operera, men seier at det ikkje er så dramatisk som det kan verke. 

– Det er jo meir eit inngrep, ikkje ein operasjon, der dei kuttar litt i den hinna muskelen ligg i for å laga meir plass. Eg trur det høyrest verre ut enn det er, seier han snusfornuftig. 

Det er gode prognosar for dei som gjer dette inngrepet. Ifølgje Norsk Helseinformatikk er dei fleste vanlegvis tilbake til treningsaktivitet etter seks til åtte veker. 

Til toppen