LANDSDELSAMLING: Sivert Heggheim Mannsverk frå Årdal er utteken til landsdelssamling i Sarpsborg i månadskiftet. Foto: Privat.
LANDSDELSAMLING: Sivert Heggheim Mannsverk frå Årdal er utteken til landsdelssamling i Sarpsborg i månadskiftet. Foto: Privat.

Sivert er utteken på landsdelsamling

Sivert Heggheim Mannsverk frå Årdal er utteken til landsdelsamling i Sarpsborg i slutten av mars.

Årdal: Landsdelssamlinga er for gutar fødd i 2002 og 2003 og finn stad i Sarpsborg i månadskiftet.

Frå Sogn og Fjordane er Sivert Heggheim Mannsverk frå Årdal ein av tre som er plukka ut frå 2002-kullet, skriv NFF Sogn og Fjordane på sine heimesider. Mannsverk kjem frå Årdal, men spelar no for Sogndal.

Landsdelssamlingar er ein del av Landslagsskulen og skal kartlegge dei beste utøvarane fram mot uttak til aldersbestemte landslag og nasjonalt tiltak G14.

Landslagsskulen skal vidare vere ein referanse og påverknadsarena for spelarane, der spelarane haustar erfaringar som dei tek med seg tilbake til klubben og treningskvardagen. 

Til toppen