Sogndal - Hødd: 1-2
Til vanleg spelar han gutelagsfotball og pendlar til Sogndal tre gonger i veka for å trene med andrelaget. I dag fekk han nokre minutt på slutten til å vise seg fram for A-lagstrenar Eirik Bakke.
– Det var greitt å få eit innhopp og komme litt inn i laget, seier Mannsverk i garderoben etter kampen.
Det er enno halvanna år til han byrjar på vidaregåande skule. Rett nok kom debuten i ein treningskamp, men vi tør slå fast at Mannsverk er den yngste til å ikle førstelagstrøya til Sogndal nokosinne. Vel å merke utan å ha sjekka med historiebøkene. Yngste debutant i ein offisiell kamp er keeper Kristian Rutlin. Han var 15 år og 312 dagar då han debuterte i cupen i 2015.
– Eg tenker ikkje så mykje på det. Det var godt å få sjansen og kjekt at trenaren har tru på meg, seier Mannsverk sjølv om det historiske innhoppet.
Trenar Eirik Bakke seier han ikkje kvir seg for å gje ein så ung spelar sjansen.
– Sivert er ein talentfull gut som vi skal prøve å få i gang kroppen på, fotballen veit vi han har inne. I dag fekk han kjenne litt på kva han har å jobbe mot, det trur eg han har godt av, seier Bakke.