EITT STEG NÆRMARE: Hydro sin fabrikk Alunorte i Brasil er eitt steg nærare full produksjon.
EITT STEG NÆRMARE: Hydro sin fabrikk Alunorte i Brasil er eitt steg nærare full produksjon. (Foto: Norsk Hydro/Flickr)

Sivil domstol gir Hydro lov til å starta opp full råstoff-produksjon  i Brasil

Men enno står det att eitt par hinder før alt er tilbake til normalen.

Årdal: Ein sivil domstol oppheva onsdag eitt av to forbod mot full produksjon ved Hydro sin råstoff-fabrikk i Brasil. Det skriv Hydro i ei pressemelding natt til torsdag. Ei tilsvarande avgjerd kring det andre forbodet er venta innan kort tid.

Hydro har drive på halv kapasitet ved fabrikken sidan mars i fjor. Det har trua tilgangen på alumina, råstoffet som blir brukt for å produsera aluminium, mellom anna ved metallverket i Årdal.

– Me ser frem til å kunna ta opp att drifta i Alunorte og få i gang igjen den fulle verdikjeda. Det vil vera positivt for oss og for staten Pará, sier John Thuestad, som leiar bauksitt- og aluminaframstillinga til Hydro i Brasil.

I den same pressemeldinga opplyser Hydro at dei framleis ikkje får lov til å bruka det nye deponiet for bauksittrestar. Bauksitt er bergarten Hydro brukar til å framstilla alumina i Brasil. Restane som blir att blir lagra på store deponi.

Det gamle deponiet kan bli fullt innan åtte til atten månader, avhengig av storleiken på produksjonen, opplyser Hydro. Om dei ikkje får løyve til å nytta det nye i tide, kan det gjera at produksjonen på ny må reduserast, eller stengast heilt ned.

Til toppen