Det betyr at dei heilraude skal spele i 4. divisjon for første gong i klubbens historie neste sesong.
Men vegen dit har vore fylt med både oppturar og nedturar. På grunn av omlegging i seriesystemet ville berre dei fire beste laga i kvar avdeling, samt dei åtte beste femmarlaga i Noreg halde seg i 3. divisjon.
Trass ein iherdig kamp, der Årdal lenge snuste på 5. plassen, måtte dei til slutt innsjå at det ikkje gjekk nokre rundar før slutt.
No kan du gjenoppleve nokre av augneblinka i galleriet øvst i artikkelen.
Bileta er tekne av Elin Hæreid, Truls Grane Sylvarnes, Camilla Brugrand og Andreas Annevik.