Årdal: Påskerock har lange tradisjonar i Årdal, og onsdag og torsdag rocka sju band scena på Bakeriet i Øvre Årdal.
– Arrangementet gjekk knirkefritt, det var gode musikalske innslag frå scena og god stemning blant publikum, seier arrangør Terje Svori i Hugin musikkforum.

Litt færre folk enn vanleg
Det strålande vêret gjorde at pulikumstala var litt lågare enn dei brukar å vera. Likevel var det nok av folk som let seg lokka ned frå påskefjellet.
– Det var ein plass mellom 6-700 inne på to dagar. Det er me nøgde med, seier Svori.
Som eitt av høgdepunkta dei to dagane trekker han fram bidraget til kulturskulen, akkompagnert av blueslaget.
– Dei imponerte stort, hadde ei fenomenal framføring og leverte kvalitet tvert gjennom, seier Svori.
Glad rekrutteringa er god
Som leiar i Hugin musikkforum er han glad for å sjå at det blomstrar i dei yngre rekker. Både onsdag og torsdag vart sparka i gang av talentfull ungdomsmusikarar.
Det er ein tradisjon dei har hatt dei siste fem åra.
– Det er utruleg flott å kunna tilby unge musikarar ei flott scena å framføra materialet sitt med proff lyd og proft lys, framfor eit stort publikum på ei rockescena. Det håpar me inspirerer dei til å halda fram til å bli garva musikarar etter kvart. Der er slik me fornyar oss, seier Svori.